Markering av Verdensdagen for sjølvmordsførebygging
Markeringa skjedde på biblioteket i Valldal på sjølve dagen 10. september.
Dagrun Vikesland i organisasjonen Leve, Landsforeninga for etterlatte ved sjølvmord, som stod for arrangementet, ønska alle hjarteleg velkomne og innleia til samtale.
Ho fortalde at ho hadde lese at på verdsbasis døyr fleire av sjølvmord enn av drap og krig tilsaman. I LEVE tenner dei lys for dei ein har mista. Denne kvelden var det tent 28 lys for dei i Møre og Romsdal som hadde avslutta livet sitt i 2023. Dagrun fortalde at ho som tiåring opplevde at pappaen tok livet sitt, og korleis det påvirka henne. Ho kom inn på at det kan vere mange faktorar som kan spele inn ved sjølvmord.
Ruth Merete Rotevatn i organisasjonen LEVE er også etterlatt. Dotra tok livet sitt 23 år gammal. Ho fortalde litt om organisasjonen og at dei eigenleg ikkje vil ha fleire medlemmer. Dei vil at dei etterlatte skal ha ein stad å møtast. Både ho og Dagrun var heilt på linje om at sjølvmord framleis er noko skambelagt og tabu. For kva skal ein seie eller gjere?
Frå Mental Helse Fjord stilte Valborg Haugen. Ho fortalde om kva aktivitetar ein har i lokallaget. Det er viktig å komme saman, ha det kjekt og sjå kvarandre, og vi må bry oss. Ho har erfaring frå arbeid i psykiatrien i Ålesund og vore ute i verda og jobba, også i krigssoner. Ho meinte å sjå at vi i dei industrialiserte landa er meir ramma av sjølvmord enn andre.
Røde Kors Omsorg var representert av Gjertrud Melchior som fortalde litt om deira arbeid. Blant anna har alle som er med i omsorgsgruppa kurs i psykososial førstehjelp i tillegg til ordinært førstehjelpskurs.
Psykiatrisk sjukepleiar i kommunen, Nils Petter Lian, fortalde at ein har nasjonal handlingsplan for førebygging av sjølvmord, men ingen slik plan i Fjord kommune. Det er utruleg viktig å bygge ned tabu og ufarleggjere temaet for alle har psykisk helse.
På møtet var kommunen sterkt representert med ordførar, kommunedirektør, kommunalsjef og psykiatrisk sjukepleiar. Det fortel at psykisk helse og sjølvmord betyr noko for kommunen.
Valborg representerte Mental Helse Fjord og fortalde om lokallaget.
Alle foto: Storfjordnytt.
Les artikkelen i Storfjordnytt torsdag 12. september.