Markeringa av Verdensdagen for psykisk helse i Fjord
Verdensdagen for psykisk helse er10. oktober. FN oppretta den i 1992 og er ein internasjonal dag som vert markert i over 150 land. I Noreg vert den markert i vekene 39 – 42. Årets tema: Vi treng kvarandre #lag plass oppfordrar oss til å gjere møteplassane meir inkluderande ved å bry seg om kvarandre, lytte og sjå kvarandre. Det å gjere noko meiningsfylt saman med andre er viktig for å motvirke einsemd og utanforskap.
Vi markerte Verdensdagen i Stordalshallen 17. oktober. Ingrid Løset leia møtet. Også i år hadde vi kulturelt påfyll. Elin Dyrkorn opna med Ole Bulls Sæterjentens sundag på fele, og seinare i programmet song ho og spelte gitar. Barbro Sætha var foredragedragshaldar. Med bakgrunn frå langrenn på høgt nivå og som mental og fysisk trenar i fleire år har ho brei erfaring å bygge på. Barbro har utdanning frå Norges Idrettshøyskole og innan organisasjonspsykologi og leiing. Ho jobbar med livsstilsendring, glede og meistring. I foredraget fok ho utgangspunkt i eigne erfaringar og gav oss mange verkty til å bruke i kvardagen.
Til slutt hadde nytilsett kommunepsykolog Kristian Dirdal ordet og orienterte om tenestetilbodet i kommunen. I tillegg til han er det to psykiske helsearbeidarar og ein psykiatrisk sjukepleiar. Ein kan ta direkte kontakt med tenestetilbydarane utan å gå om lege og få tilvisning.
Mental Helse Fjord takkar sponsorane Sparebanken Møre og Sanitetsforeninga Stordal Helselag som bidrog til at vi i tillegg til eigne midlar i Mental Helse kunne gjennomføre markeringa.