Midlar til lokal aktivitet og frivilligheit gjennom DAM Ekspress

Mental Helse ved rådgjevar Johanna Myklebust og Sølvi Hagen inviterte til webinar torsdag 7. desember, der vi fekk vite om krava DAM set, samt fekk tips og råd om å bygge ein god søknad.

Formålet med ordninga er å støtte små prosjekt og tiltak med fokus på lokal aktivitet og frivilligheit. Lokallaga kan søke på mellom 5.000 og 40.000 kr til slike prosjekt. Alle organisasjonar som er medlemmer kan søke.

Vi kan søke om midlar til treningsgruppe, kurs, samlingar og aktivitetar. Det er relativt enkle søknader, og dei kan sendast når om helst (ingen søknadsfrist), og får svar innan 45 dagar. Ein kan søke på mange prosjekt samtidig. Kurshaldarane synte ein god søknad frå eitt av lokallaga i fylket vårt som vi fekk tilsendt i etterkant.

Etter det eg kunne sjå, var vi tre deltakarar frå Møre og Romsdal på Webinaret. På DAM sine nettsider kan vi lese meir om ordninga, og der kan vi opprette brukar og søke. Treng vi råd, kan vi kontakte Johanna og Sølvi. Det er relativt enkelt å søke, og vi bør bruke ordninga til å hente inn midlar til fleire gode aktivitetar i lokallaga våre.