
På lokallagstreff i Skodje
Sundag 9. juni inviterte Mental Helse Skodje/Ørskog alle lokallaga i fylket vårt til treff i Skodje.
Triveleg treff
Det er ein langvarig tradisjon at eitt lokallag i fylket kvart år inviterer alle dei andre lokallaga til treff hos seg. I år var det Mental Helse Skodje/Ørskog som tok stafettpinnen. Dei inviterte oss til Nerskøyeløa i Skodje.
I overkant av 60 medlemmer frå åtte lokallag møttes og hadde ei triveleg økt saman. Bjørn Nedreskodje fortalde historia om Skodje, og om diverse oldtidfunn som ein har funne i området. Brit Ellen Carlsen hadde fleire sanginnslag, og det var også allsong. Dei som ønskte det, fekk omvisning på dagtilbodet Sommerfuglen som lokallaget driftar saman med Ålesund kommune.

Vertsskapet hadde to varmrettar som gjestane fekk velje mellom, oksegryte og bacalao. Begge rettane smakte godt. Seinare vart det servert kaker og kaffe/te.
