Rundtur Vestre – Jordskar – Vestre

Tur må vi ha. Naturen er rett utfor døra. Berre å finne fram turskoa og labbe i veg.

Oppover

Vi samla oss på Vestre. Først vandra vi på asfaltert veg, tørt og fint. Tok til venstre og begynte oppstiginga på grusa veg i motbakke. Må pæse og puste, får opp pulsen. Det skal vere bra for helsa, vert det sagt. Mykje å snakke om, utveksle tankar og opplevingar. Kombinasjonen prating og gåing i motbakke tek på pusten. Må stogge og ta ei kvild. Lade til vidare tur.

Går vidare. Motbakken flyt over i flatare veg. Vandrar inn i ope landskap. Nedover lia her vart skogen hoggen for eit par års tid sidan, og landskapet opna seg med flott og lett utsikt. Hausten har fått tak. Kaldare ver har kledd om skogen til vakre flammar blant det grøne. Røs litt i haldet av synet av snø på toppane. Snart kjem han krypande ned lia.

Herleg og variert

Men! Dagen i dag er ei nisje i regn og surt ver. Mildt med solglytt i dag. Herleg. Kjekt å gå i dette terrenget, skifte mellom flate og små bakkar. Variert. Skogsvegen går over i sti. Regnveret har lagt att små dammar her og der. Bløyte. Elva har bøsa seg opp litt. Renn kvikt mellom steinane. Ho må passerast. Pytt, kva gjer det om føtene vert litt våte. Berre å skifte til turt når ein kjem heim.

Passerer eit gjerde og når benken. Han lokkar til kvild. Noko fuktig er han, men godt å henge seg nedpå likevel. Etter kvart kjem vi til første husa. Vedstabelen ved det eine bygget er tørt og klar for vinteren. Passerer neste tun og eit fint, nytt hus med flott utsikt. Må stogge og sjå. Alltid noko nytt å legge merke til. Kjem ned til Skarbøen og traskar på asfalt til Vestre og bilane.

Akutt kaffitørste, durar ut til Systra. Til kaffi og eplekake med is går praten vidare. Vi har det så triveleg at det er vanskeleg å bryte opp.

Etter kvart gjekk bakken over i flatare veg. Etter ei lita kvild traska vi vidare inn i det opne landskapet med flott utsikt.
Nedanfor leet freista benken sjølv om han var fuktig etter regnveret som har vore siste dagane. Godt å hengje seg nedpå.