
Steinomnbakt pizza – herleg
Første turen vår i år la vi til Helsemplassen 16. april. På Helsemplassen har Vidar bygt steinomn som vert brukt til å bake brød og steike pizza i.
Tonje hadde klar mange pizzaemne og fortalde at det vart fyrt med tørre lange skier i omnen kvelden før for å begynne oppvarminga som tek tid. For å steike pizza må varmen vere på 250 – 300 grader. Vidar fortalde at dei bakar 12 brød samtidig i steinomnen.
Vi var tolv som sessa oss rundt langbordet, og Tonje forma ut pizza i lufta etter italiensk oppskrift som Vidar la forskjellig fyll på. Det vart servert pizza med italiensk fyll og meir kjent fyll som pepperoni og skinke. Skinka er sjølvprodusert på Helsemplassen som har høner og grisar.
Å steike ein pizza i omnen gjekk veldig fort. Vi var samde om at steinomnbaka pizzaen er svært velsmakande. Dei gjekk unna som berre det.





