Triveleg på torsdagstreffet
Alltid kjekt å komme saman, rusle ein tur, og etterpå samlast til triveleg prat.
Lunefull vår
Kvar torsdag, unnateke raude dagar og når frivilligsentralen er stengt, møtest vi på frivilligsentralen kl.11:00. Er vergudane i godlune, slik som i dag 25. april, ruslar vi gjerne ein tur bort i hamna.
I år har våren kjempa mot vinteren som i periodar har nekta å sleppe taket og serverer fleire kuldegrader om natta med rim på marka. Huttetu. På dagtid smiler sola innbydande og lur frå skyfri himmel. Narreri. Lurer oss til å tru at dagen er vårvarm, men nordavinden bit frekt i skrotten. Vinterkleda er gode å ha på seg når ein skal luffe på tur. Helst lue og vottar også. Fleire gonger har det vore betre å droppe turen.
Grip dagen!
Men i dag var vindgudane rolege og milde, kanskje litt slitne. Det la til rette for tur i mild solvarme. Godt å rusle i fredelege Strandgata bort til hamna, passere campingplassen, nausta, badeplassen, kikke på båtane i hamna, puste inn sjølufta, lytte på håse måseskrik, kjenne våren, la praten gå, drive rundt i hamneområdet, sjå utover fjorden. Nyte dagen, drøye turen. Carpe diem! Vandre tilbake til frivilligsentralen i sakte tempo, fortsette med triveleg prat og innta nysteikte vaflar med rømme og jordbærsylte på. Slike økter vil vi gjerne ha mange av.