Skal #luftebarten kvar dag i november for psykisk helse
Ruben Wie har på nytt starta ei Movember-kampanje for å bidra til meir openheit kring psykisk helse og for å samle inn pengar til Mental Helse Hjelpetelefonen. Kvar dag skal han #luftebarten.
Å «lufte barten» vil seie at Ruben skal vere aktiv kvar dag i november.
– Eg vil bruke meg sjølv og eigne erfaringar for å kunne bidra til meir openheit om psykisk helse. Det er alt for mange der ute som har det tøft, og som synest det er krevjande å vite kva dei skal gjere og kvar dei skal henvende seg. Det er då svartenestene kan vere ein fin start, der ein kan snakke og få litt rettleiing, fortel han.
Den er andre gongen Ruben samlar inn pengar til Mental Helse ved å #luftebarten. Han har oppretta ein spleis, som du kan støtte her!
Rettar fokus på sjølvmord blant menn
I fjor samla Ruben inn 88.000 til Mental Helse sine svartenester. For dette kan vi gje 1260 samtalar og 3-4 dagars drift av den døgnopne hjelpechatten, sidetmedord.no.
I år er målet 100.000 kroner.
– Eg veit kor viktige desse tenestene er. Difor vil eg gje dei meir merksemd slik at kanskje enda fleire kan få hjelp. Sjølv var eg «heldig» som allereie var i systemet med psykolog då eg havna i mitt mørke. Det er alvorleg at mange sit aleine med sjølvmordstankar, fortel Ruben.
Les også: Sparebank1 Sør-Norge startar Movember-spleis
Arrangerer eige Movemberløp
Søndag 10. november skal Ruben, saman med fleire andre, arrangere eit Movemberløp i heimkommunen Gloppen. Då har han planar om å gå 60 km i løpet av eitt døgn.
– Talet 60 representerer dei 60 menn vi mistar til sjølvmord kvar time globalt.
Ruben ser stort fram til Movemberløpet 2024:
– Eg har flotte støttespelarar og medarrangørar som saman bidreg til at sosial samankomst og fysisk aktivitet rettar fokus på eit viktig tema, nemleg psykisk helse. Løpet er for alle, på eit nivå der absolutt alle kan delta.
Følg reisa på Instagram
Kvar dag i november vil Ruben poste eit bilete av at han er aktiv med emneknappen: #luftebarten. Han håpar dette kan inspirere andre, og ikkje minst at det kan bidra til større openheit kring psykiske helseutfordringar.
I tillegg skal han gå 60 km på rulleski på tredemøkke – i eitt strekk, og dette skal sendast direkte på Instagram.
– Eg må ha noko å strekke meg til etter fjorårets suksess! Det er verkeleg ikkje sikkert eg klarer å gå så langt, då den lengste økta eg har hatt til no er på ca. 10-12 km. Det ligge mykje verdi i å gå ut av komfortsona, lære seg noke nytt og oppleve meistring, seier Ruben, som håpar folk vil følgje han på reisa.
– Det vert ein spennande månad. Tusen takk for alle bidrag!