Ruben luftar barten for psykisk helse kvar dag i Movember Foto privat

Skal #luftebarten kvar dag i november for psykisk helse

Ruben Wie har starta ei Movember-kampanje for å bidra til meir openheit kring psykisk helse og for å samle inn pengar til Mental Helse sine svartenester. Kvar dag skal han #luftebarten.

#luftebarten i november for psykisk helse:
– Eg vil bruke meg sjølv og eigne erfaringar for å kunne bidra til meir openheit om psykisk helse. Det er alt for mange der ute som har det tøft, og som synest det er krevjande å vite kva dei skal gjere og kvar dei skal henvende seg. Det er då svartjenestene kan vere ein fin start, der ein kan snakke og få litt rettleiing.

Ruben har oppretta ein spleis, som du kan støtte her!

Rettar fokus på sjølvmord blant menn

I «Movember» har han som mål å «lufte barten» kvar dag. Han skal gå eller jogge minst 150 km og donere 10 kroner per km gått til Mental Helse sine svartenester.

– Eg veit kor viktige desse tenestene er. Difor vil eg gje dei meir merksemd slik at kanskje enda fleire kan få hjelp. Sjølv var eg «heldig» som allereie var i «systemet» med psykolog då eg havna i mitt mørke. Det er alvorleg at mange sit aleine med sjølvmordstankar, fortel Ruben.»

Les også: Starter spleis for Hjelpetelefonen

Komande søndag skal Ruben, saman med fleire andre, arrangere eit Movember-løp i heimkommunen Gloppen. Då har Ruben planar om å gå 60 km i løpet av eitt døgn.

– Talet 60 representerer dei 60 menn vi mistar til sjølvmord kvar time globalt.

Han ser stort fram til løpet 12. november:

– Eg har flotte støttespelarar og medarrangørar som saman bidreg til at sosial samankomst og fysisk aktivitet rettar fokus på eit viktig tema, nemleg psykisk helse. Løpet er for alle, på eit nivå der absolutt alle kan delta.

Kvar dag i november vil Ruben poste eit bilete av at han går tur eller joggar med emneknappen: luftebarten. Han håpar dette kan inspirere andre, og ikkje minst at det kan bidra til større openheit kring psykiske helseutfordringar.

To gutter
Ruben luftar barten for Mental Helse i Movember foto privat
Ruben «luftar barten» for Mental Helse i heile november som ei Movember-kampanje. (Foto: privat)