Andreas gjekk frå Bergen til Oslo for Studenttelefonen

I 23 dagar gjekk Andreas Moldskred (23) på tvers frå Bergen til Oslo, til inntekt for Studenttelefonen. – Ein innser kor lite ein har satt pris på ting og finn meir glede i dei små augeblikka. Det tyngste du skal gjere er å gå ut døra, så er du i gong.

I vår gjekk Andreas inn i ein depresjon. Han tok raskt kontakt med fastlegen og vart oppmoda om å gå til Rask psykisk helsehjelp, der han fekk god hjelp. Han byrja å trene og ta gode val for seg sjølv, og sakte, men sikkert slapp depresjonen taket.

Men, då depresjonen kom att ved semesterstart i haust, bestemte han seg for å ta denne turen for å rette merksemd på psykisk helse og samle inn pengar til Mental Helse.

Spleisen er framleis aktiv – du kan støtte den her!

– Då eg fyrst vart deprimert tenkte eg at det ville vere ei skam å kontakte Mental Helse, men no innser eg kor viktig det er å be om hjelp. Eg er takksam for å vere der eg er i dag. Undervegs på turen merka eg at depresjonen forsvann heilt, eg har det bra no.

Andreas kom fram til Oslo 10. oktober, på Verdensdagen for psykisk helse. Han har samla inn over 45.000 kroner til Studenttelefonen, og håpar det kan bidra til at fleire studentar får hjelp.

Det enkle liv

Utanom andre på DNT-hyttene og fjellgåarar som passerte, var Andreas stort sett aleine på heile turen. På det meste gjekk han fem dagar utan å sjå eit anna menneske.

– Det var ein brå overgang frå å vere aleine ute i naturen til å vere tilbake til sivilisasjonen. Det eg merkar mest er at ein ikkje har så mykje tid til å tenke over ting i kvardagen. Der ute fekk eg verkeleg reflektert over livet, måla og ynskja mine, og kva eg treng for å ha det bra. Ein annan ting er at eg no set meir pris på dei små gledene, fortel Andreas, og held fram:

– Å kome inn til ei hytte med peis er heilt nydeleg, å ha tak over hovudet for natta og få nyte eit varmt måltid. Dette tek vi for gitt i vår elles så teknologiske og avanserte, men også lettvinte, kvardag. Det var godt å «gå tilbake i tid» og leve meir simpelt i ei periode.

Ei pause frå omverda

Andreas gjekk minst to mil kvar dag, og ofte kunne han gå timesvis på autopilot der han berre eksisterte «her og no».

– Det var herleg å ha fullt fokus på å gå, å la tankane vandre fritt og berre vere konsentrert om den eine tingen. Då går alt anna av seg sjølv.

Eit av dei beste vala han gjorde var å ta ei pause frå sosiale medium. Han sletta også alle spela på mobilen før turen, utanom eit enkelt kortspel.

– Ein går glipp av livet når ein er pålogga heile tida. Det er så mange distraksjonar og ein rekk aldri å kjede seg. Det er synd, for det er sunt å kjede seg. Eg merkar at eg brukar telefonen meir no når turen er over, men eg prøver å sette av tid til å berre vere med meg sjølv.

– I eitt med meg sjølv

Gjekk frå Bergen til Oslo for Studenttelefonen: I løpet av turen gjekk Andreas gjennom alle slags kjensler; sinne, frustrasjon, tristheit, sakn, likegyldigheit, glede og stoltheit.

– Kanskje tek vi oss ikkje tid til å kjenne på dette i det daglege? Alt låg på overflata heile tida, ingenting var undergravd. Men, det var heilt greit og godt å kjenne på heile kjensleregisteret. Denne turen har nok gjort at eg er blitt meir i eitt med meg sjølv.

Og, når ein er heilt aleine i naturen kan ein også tillate seg å sleppe maska totalt:

– Det var fantastisk å stå midt på Hardangervidda og berre skrike så høgt eg kunne, utan å vere redd for at nokon skulle sjå dumt på meg. Det var terapi, og eit fantastisk utløp for frustrasjon og stress!

Minnerikt på godt og vondt

Andreas sit att med mange minner frå turen, på godt og vondt. Ein må lære å stole på seg sjølv og alle avgjersler vert viktige.

– Du må gjere ting skikkeleg heile vegen, sjølv om det kjennes tungt og kjipt der og då. Det gjev ei enorm mestringskjensle, og er nok hovudgrunnen til at eg vart kvitt depresjonen, seier Andreas, og held fram:

– Tålmodigheita vert også sett på prøve. Det merka eg godt då eg eine dagen gjekk feil veg og enda opp med å måtte gå ei mil ekstra. Det hadde vore dårleg vêr i mange dagar og eg var sliten.

Denne dagen gjekk han 27 kilometer.

– Det var tungt, men då eg endeleg kom fram til hytta, fekk slappe av, ete og sove, var alt gløymt. Det beste minnet var nok å få servert blåmuggost av ein gjeng som var på jakt på Hardangervidda. Det var ein kollisjon av smakar og heilt nydeleg når ein berre er vant med poseturmat.

Ikkje siste langtur

Andreas gjekk frå Bergen til Oslo for Studenttelefonen: Det kjentes tomt og surrealistisk å kome til Oslo etter tre veker i naturen, men Andreas angrar ikkje eit sekund.

– Eg hadde gladeleg teke denne turen igjen. Eg er veldig glad for det eg har fått til og stolt over meg sjølv. Det vert garantert fleire slike turar i framtida.

Andreas er også svært takksam for den store givargleda til folk:

– Eg er så ekstremt glad for at folk vil støtte ei så god sak. Eg slit med å finne dei rette orda, for eg er svært takksam. Det er viktig for meg å kunne bidra til gode formål, gjere noko positivt for samfunnet, samstundes som eg er i aktivitet, seier Andreas, og avsluttar:

– Eg er heldig som kan gjere dette, og det tek eg ikkje for gitt.

– Inspirerande

Ole-Marius Minde Johnsen, landsleder i Mental Helse, er imponert over kva Andreas har fått til:

– Andreas er eit bevis på at det fins veldig mykje styrke i oss alle. Til tross for depresjonen har han klart å samle kreftene og ta denne reisa for seg sjølv. Han har funne styrke og motivasjon i naturen, reflektert og kome fram til kva som gjer han godt. Han er til inspirasjon for andre.

Andreas gjekk frå Bergen til Oslo for studenttelefonen. Sjå andre spleiser på spleis.no!

Ole-Marius Minde Johsnsen og Andreas Moldskred. (Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy)