Reiser Noreg rundt utan å bruke éi krone

I fem dagar reiser Anna Aalbu og Nora Haug rundt om i Noreg utan å bruke pengar. Gjennom prosjektet «Walk About» samlar dei heller inn pengar til Mental Helse.

Reiser Noreg rundt utan å bruke éi krone: Du kan støtte spleisen her!

– Vi valte Mental Helse fordi det er noko alle har eit forhold til, fordi alle har ei psykisk helse. Prosjektet har hittil gått veldig bra. Vi har klart oss utan å bruke pengar og vi har fått inn nesten 13.000 kroner, fortel de to jentene.

Les også: Sykler Europa på tvers og langs for Mental Helse

Reiser, bur og et gratis

Elevar ved Bømlo Folkehøgskule reiser kvart år ut på Walk About for å samle inn pengar til veldedige formål eller organisasjonar.

– Ein viktig del av Walk About er å reise, bu og ete gratis. Dei reiser i fem døgn, og skal samle inn midlar. Dei vil også få tildelt oppgåver av lærar og sponsorar, som familie og vener. Poenget med dette er at sponsorane betalar ut ein avtalt sum om dei løyser oppgåva, fortel lærar Kjetil Berger Falk.

Sponsorane hjelp også til med gratis transport, overnatting og mat. Reisa varer frå 20. til 25. april, og alle midlane som vert samla inn går til Mental Helse.

Gode gjerningar

Elevane starta reisa frå Bømlo, deretter gjekk turen til Bergen.

– Vi var heldige og hadde månadskort på skyss på Vestlandet, og brukte det for å kome oss til ferjekaia, samt ta ferje til Bergen. I Bergen åt vi mat vi fekk sponsa av Egon, og overnatta på Fana folkehøgskule, fortel Anna og Nora.

Dagen etter tok dei VY-bussen til Ålesund, som dei fekk sponsa billettar til. I Ålesund overnatta dei på hotell Noreg, som også var sponsa. Maten der vart sponsa av nokre følgjarar på Facebook. Av Hertz fekk dei låne leiebil, og derifrå gjekk turen til Moss.

– Akkurat no er vi på veg til Stavanger for å levere leiebilen der. Vi har sove med besteforeldre i Moss og ein medelev i Kristiansand, fått mat frå Pizzabakeren og nye bussbillettar tilbake til Bømlo, fortel jentene, og avsluttar:

– Undervegs har vi gjort fleire utfordringar. Vi har gjort ei god gjerning kvar dag, som mellom anna å synge ein song til eit tilfeldig publikum. Vi har vore med på podcast med Mental Helse Moss og omegn og vi har blitt intervjua av Moss Avis.

Samler inn penger til Mental Helse Bømlo FHS