Mista ven til sjølvmord: – Menn må bli flinkare til å opne seg

Philip Jonson er i gong med sin andre innsamlingsaksjon til Mental Helse etter at kameraten tok sitt eige liv i januar. – Eg har sjølv strevd med sjølvmordstankar, og veit kor viktig det er å opne seg.

Sommaren 2023 arrangerte Philip ein 24-timers sykkelfest rundt Engeløya i Nordland. Fleire deltok og sjølv sykla han 22 rundar i strekk, og samla inn godt over 200.000 kroner til Mental Helse.

I sommar blei det ny runde og ny spleis.

– Dessverre mista eg ein ven og arbeidskollega til sjølvmord no i januar og då var eg ikkje i tvil lenger, det måtte bli enda ei runde med «Snakk om det, mann!». Eg vil setje fokus på at menn må tore å opne seg. Vi har verkeleg ingen fleire å miste, slår Philip fast.

Les også: Syklet 24 timer i strekk for Mental Helse

Sykla 24 timar i strekk

Heile sykkelprosjektet til Philip starta i år med Styrkeprøven (Trondheim – Oslo) i juni, før Engeløya rundt i juli. Philip hadde selskap rundt Engeløya i 18,5 timar av ulike lokale heltar.

– Nokre sykla ei runde, andre tok fleire og ein god ven heiv seg med i heile ti rundar. Dei siste 5,5 timane på natta sykla eg aleine, fortel Philip, og held fram:

– Eg starta seks på morgenen og etter 23 timar og 38 minutt hadde eg igjen sykla 22 runder (671km) rundt Engeløya.

Laurdag 14. september er planen å sykle frå Engeløya til Tromsø. Spleisen er aktiv, og i skrivande stunder det samla inn om lag 100.000 kroner.

– Det har gått over all forventing, eg er strålande nøgd!

Menn må bli flinkare til å opne seg om tunge tankar. VI har ingen å miste til sjølvmord, slår Philip Jonson fast. Han syklar for å setje fokus på psykisk helse og samlar inn pengar til Mental Helse. (Foto: privat)

– Menn må bli flinkare til å opne seg

Philip håpar pengane blit brukt til å styrke Hjelpetelefonen og kampanjar om psykisk helse, særlig retta mot menn.

– Det å tore å vere open og snakke med ein ven eller ein profesjonell når ein opplev mørke tankar, kan vere skilnad på liv og død. Eg slit somme tider sjølv og har vore så dårleg at eg har hatt behov for hjelp, fortel Philip, og held fram:

– Det var så skummelt å skulle snakke med nokon at eg bar det inni meg til det til slutt rant over. Det som verkeleg hjalp var å snakke om det høgt.

Etter mange år med prøving og feiling har Philip lært seg å bruke ulike verktøy for å takle dårlege periodar, og dei er ikkje lenger overveldande eller evigvarande.

– Det finnast eit liv i enden av tunnelen. I tillegg til medisin og det å setje ord på tankar og kjensler, har og trening og fysisk aktivitet vore heilt avgjerande. Det har god effekt på psyken, avsluttar Philip.

Treng du nokon å snakke med?

Ring 116 123

Chat med sidetmedord.no